Kvar leilighet har tre gode soverom i underetasjen der vi har lagt til rette for at det skal vere god plass til garderobe. I samme etasje finn ein også badet, slik at ein har kort veg frå senga til morgonstellet, og kort veg frå vaskemaskin til garderobe. I toppetasjen har vi utforma romma slik at det er lagt godt til rette for kvalitetstid med familien. Stove og kjøkken er adskilt med skyvedør og begge rom er av god størrelse. Det er mogleg med eit soverom i i toppetasjen om ønskeleg.
Leilegheitene i prosjektet har gjennomgåande høg standard på materialer og overflater, og det er valt gode løysingar for å skape rom for trivsel. Utvendig er det lagt vekt på å bruke materialar som er enkle å vedlikehalde. Dobbelfalsa kledning i kombinasjon med plater bidrar til eit moderne uttrykk på fasaden. I stova får ein store vindu som gir godt lysinnslepp og flott utsikt over dalføret. Badet får keramiske flisar på golvet og er tilrettelagt for smarte løysingar. På golvet i dei resterande romma er det valt slitesterk laminat frå Mammut. Denne har ein struktur og utsjånad som er svært naturtru. Leilegheitene leverast med sentralstøvsugar. Dette lettar reinhaldet, og bidrar til eit betre inneklima.
Leilegheitene vil få privat inngang og eigendobbel carport. Ein har også to terassar og ein sørvendt hage, noko som gir gode solforhold og innbyr til sosialt samvær. For kva er vel trivelegare enn å samle gode venner til grilling på balkongen ein varm sommarkveld?
Sjå annonse på finn.no her