Tomt 7 og 8
Tomannsbustad
Lekker tomannsbustad over to plan med spennende fasade, moderne design og gode planløsninger.
Tomt 7 og 8
Lekker tomannsbustad over to plan med spennende fasade, moderne design og gode planløsninger.
I Pinndalen ønskjer vi å skape eit miljø som er ypperleg for førstegongskjøparen og nyetableraren så vel som barnefamiliar og eldre. Tomannsbustadane er perfekte for deg som treng litt meir plass og ein planert hage, vi har hatt fokus på ei gjennomgåande god planløysing slik at det skal være så praktisk som mogleg for alle.
BESKRIVELSE
Med eit nytt design vil den sjuande tomta i Pinndalen stå godt i stil med dei to tidlegare tomannsbustadane. Vi held fram med den moderne byggjestilen som resten av feltet, med stramme linjer og kubistisk formspråk. Vi ønskjer at du skal få mest mogleg ut av uteområdet, og ikkje minst den sørvendte hagen som gir rom for privatliv tett på naturen.
Tomannsbustaden vil så langt være den største bustaden i prosjektet, her får du 123 m2, beståande av blant anna to bad, tre soverom og ei open stove/kjøkkenløysing som lar deg være sosial sjølv om du arbeider på kjøkkenet. Her får du ein gjennomtenkt heim med praktiske løysingar.
Kvar eining strekker seg over to plan med eit privat inngangsparti i underetasjen. Her finn vi to romslege soverom, TV-stove og bad/vaskerom. Det er skiljevegg mellom bad og vaskerom for ei praktisk løysing, som i tillegg vil halde badet så stilreint og lettstelt som mogleg. Eininga har ei bod for oppbevaring innvendig. Itilegg følgjer det med ei sportsbod utvendig. Sportsboda vil ligge ved inngangsdøra, der vi held fram med den praktiske byggeskikken med eit overbygd inngangsparti som er tilpassa det Vestlandske klimaet.
Om ein følgjer trappa opp vil andre etasje by ei romsleg stove og kjøkkenløysing, samt endå eit soverom og bad via ein eigen gong. Gjennom stova vil ein også finne utgangen til dei to balkongane, der den eine vil leie ut i den sørvendte hagen på baksida.
Vindauga har mørke karmar, både innvendig og utvendig. Alle innvendige veggar, utanom bad og sportsbod, får malte gipsveggar. Golvet vil bli levert av Berry Alloc i serien Grand Avenue med ekstra breidde for ei meir luksuriøs kjensle. Dette vil gjelde alle rom, utanom badet som har keramiske flisar og baderomsplater av typen Maracato.
Det føljer også med to stykk utvendige parkeringsplassar per bueining, her er det sjølvsagt moglegheit til å sette opp carport eller garasje om ønskeleg.
Bygget blir oppført med mørk innramming på vindua som står i stil med den mørke dobbeltfalsa kledninga der vi også har innslag av formicaplater for eit tidsriktig uttrykk. Vi har her lagt vekt på å bruke material som krev lite vedlikehald og tilsyn. Balkongane vil få terrassebord av typen 28×120 mm i mørke fargar, og rekkverk av glas og aluminium. Beslag på taket vil være varierande rundt bustaden for å binde saman det samla uttrykket av bustaden.
Bustadane vil ha ein gjennomgåande høg standard på material og overflater. Med god takhøgde og store vindauge vil du få inn rikeleg med sol, samtidig får du kjensla av å sitje i store og luftige rom.
Sjølv om vi har ein god standardleveranse på bustadane våre har vi alle vår eigen stil. Det å føle seg heime og kunne setje sitt eige preg på omgivnadane er svært viktig, og derfor lar vi deg som kunde komme til oss for eit møte der vi går igjennom tilvalsmoglegheitene for bustaden. Dette vil bli innanfor gitte rammer, tidsfristar og tillegg i pris. Her vil du få val for kjøkken, garderobe, laminat, parkett, flis, baderomsinnredning, dører, veggfarge og elektriske installasjonar. Her gjeld det å være tidlegast mogleg ute for å kunne gjere så mykje som mogleg for å få din draumeheim.
BELIGGENHEIT
Pinndalen er eit stort, nytt og attraktivt område å busetje seg i. Bustadfeltet ligg ein kort køyretur frå Førde Sentrum. Følg E39 i retning Jølster, når ein har passert daglegvarebutikken på Bruland har ein Pinndalen på høgre side i svingen under Hafstadfjellet. Her er det godt utbygd gang og sykkelveg slik at ein lett kan ta sykkelen fatt til skule og jobb.
Skulen og barnehagen på Sunde ligg 2km frå Pinndalen. Og etterkvart som barna dine er gamle nok til å ta seg til skulen sjølv har dei trygg veg å ferdast på.
I bustadfeltet vil det bli bygd ein leikeplass som inneheld disser, sandkasse og moglegheit for å etablere ei ballbane. I tillegg til dette er det kort veg til fine naturopplevingar då området ligg idyllisk til ved foten av Hafstadfjellet.
Med andre ord får du bu romsleg i Pinndalen, samtidig som at du er tett på byen.
Tomteforhold: Skrå
Bruksareal: 124 m²
Antall etasjer: 2
Antall soverom: 3
Energikarakter: B