Hus C – 6 nye sjølveigarleiligheter

Føl deg som heime i Pinndalen

Vi er stolte over å kunne presentere eit nytt og spennande bustadprosjekt i Pinndalen. Her har du sjansen til å bu urbant i landlege omgjevnader med tilgang til flotte naturopplevingar rett utanfor døra.

Det er ikkje mykje som kan måle seg med kjensla av å kjøpe sin første bustad. Det å stå med nøkkelen i handa for første gong representerer for mange ei kjensle av sjølvstendighet. Endeleg kan ein få det slik ein sjølv vil ha det og setje sitt eige preg på bustaden sin.

I Pinndalen vil vi skape eit miljø som er ypperleg for førstegongskjøparen og nyetableraren så vel som barnefamiliar og eldre. Leilegheitene ligg i idylliske omgjevnader, omkransa av grøne friområde. Her kan du nyte livet og verkeleg føle deg heime.

PLAN 1

PLAN 2

Kvalitetar

Leilegheitene i prosjektet har gjennomgåande høg standard på material og overflater, her er det valt gode løysingar som skapar rom for trivsel. Utvendig er det lagt vekt på å bruke material som er enkle å vedlikehalde. Den dobbelfalsa kledninga i kombinasjon med fasadeplater vil bidra til eit moderne uttrykk på fasaden. I likheit med hus A og B får bygget eit kubistisk formspråk for å halde det moderne uttrykket som resten av feltet.

Alle leilegheitene er utforma etter prinsippa om universell utforming. Det vil sei at bustaden er tilpassa alle. I praksis betyr dette at romma vil opplevast som romslege og gode for alle bebuarar.
Bad får keramiske flisar på golvet og baderomsplate på vegg. Her har vi av praktiske og estetiske årsaker laga moglegheit for å gøyme vekk vaskemaskina og varmtvasstanken bak skyvedører dersom det skulle være ønskeleg. For leilegheit 24 og 27 vil skyvedørsgarderobe i gang følgje med leilegheita.

På alle rom forutan bad er det valt laminat frå Berry Alloc. Denne har ein struktur og utsjånad som er svært naturtru. Leilegheitene leverast og med sentralstøvsugar, som både lettar reinhaldet, og bidrar til eit betre inneklima.
Plan to leverast med skrå himling, noko som vil gje den opne kjøkkenløysinga svært god takhøgde og ei luftig kjensle. Her vil det strøyme inn godt med lys. Kjøkkenet leverast av Drømmekjøkkenet eller tilsvarande og vil ha eit stramt og tidsriktig uttrykk, her får du integrerte grep og frontar i høg kvalitet. For å understreke stilen ytterlegare går vi for listefritt med gips på tak og veggar i alle rom utanom på badet. Dersom du er ein av mange som drøymer om walk-in-garderobe, har vi lagt dette til rette for deg ved å plassere boda i tilknytning til soverommet. Dei fleste leilegheitene får også ein stor og sørvest-vendt terrasse, noko som gir gode solforhold og innbyr til sosialt samvær.

Alle leilegheitene vil få privat inngang og eigen parkeringsplass. To av parkeringsplassane som tilhøyra hus C kan ha carport, desse vil være tilgjengeleg for kroner 100 000,-, her vil det gjelde å være tidlegast mogleg ute dersom ein ønskjer ein parkeringsplass under tak.
Ein av fordelane med å kjøpe ny leilegheit er at du sjølv kan være med å påverke korleis din nye heim skal bli, dette vart utprøvd med hus A og B, og vil sjølvsagt være med her. Tilvalsprosessen vil by på moglegheita til å endre på material og overflater innan gitte rammer, her vil du kunne setje ditt preg på heimen.

PLAN 1

LEILEGHEIT 25

LEILEGHEIT 24

LEILEGHEIT 23

PLAN 2

LEILEGHEIT 28

LEILEGHEIT 27

LEILEGHEIT 26