Hus A (SOLGT)
Hus A er eit moderne leilegheitsbygg som inneheld 14 praktiske leilegheiter mellom 45 og 49m2.
Hus A er eit moderne leilegheitsbygg som inneheld 14 praktiske leilegheiter mellom 45 og 49m2.
Hus A er ein moderne bustad med stramme linjer og eit kubistisk formspråk. Samtidig har vi tatt vare på den praktiske byggeskikken med eit lite takoverbygg over vindu og inngangsparti tilpassa det Vestlandske klima.
Hus A inneheld 14 leilegheiter mellom 45 – 49 m2. Her har vi sett behova til førstegongskjøparen i fokus. Vi kan tilby gode rom, med effektive og smarte løysingar. Når ein skal bu på mindre areal er det spesielt viktig at romma er godt løyste, og at dei glir så naturleg over i kvarandre som mogleg. I tillegg til dette har vi lagt til moglegheita for mykje skjult oppbevaringsplass.
Alle leilegheitene går over eit plan, der alle har eigen inngang. I entrè har du moglegheit til å sette inn skyvedørsgarderobe for å skjule ytterkle og diverse anna oppbevaring. I frå gangen har du dør inn til soverommet og inn til den innvendige boda. Vidare har du eit større bad der du får inkludert skyvedører i speil som skjuler vaskemaskin og varmtvannstank. Speildørene vil vere med på å gje meir romskjensle, i tillegg til at dei skjuler anna utstyr. Praktisk og nyttig til mange formål!
Deretter kjem du inn til den opne stove og kjøkkenløysinga som er utstyrt med store vindusfelt som gjer rommet lyst og luftig. Om du kjøper leilegheit på plan 1 har du balkongdør i stova ut til terrassen, og kort veg til sportsbod som ligg ved inngangsdøra. Om du kjøper leilegheit på plan 2 vil nokre av leilegheitene få skråtak i stove og kjøkkendelen, noko som gjev rommet endå større romkjensle. Samtidig får du ein stor sørvendt terrasse på minimum 18 m2 med inngangsdøra. Alle terrassar er delt av med skillevegg og på plan 2 er terrassane også inngjerda. Her kan ein trekke seg tilbake og nyte ein varm sommardag. Kanskje du vil lese ei god bok, eller kanskje du vil ta med deg middagen ut på terrassen?
Alle leilegheitene er utforma etter prinsippa om universell utforming. Det vil seie at bustaden er tilpassa alle fasar i livet, spesielt med tanke på at den skal vere tilgjengeleg for eldre og rullstolbrukarar. I praksis betyr dette at romma vil opplevast som romslege og gode også for alle andre brukarar. Dette er leilegheiter som passar til mange fasar i livet!
Alle leilegheiter får med eigen parkeringsplass og sportsbod.
Tomteforhold: Skrå
Areal primærrom: 42,2 – 46,3 m2
Bruksarel: 45,7 – 49,8 m2
Antall etasjar: 2
Antall etasjar pr. leilegheit: 1
Antall soverom: 1
Energikarakter: A + B