Hus B i Pinndalen ligg ute for sal

Hus B er lagt ut for sal på finn.no. Her finn du 4 leiligheter på ca 40m2 tilpassa førstegongskjøparen, og fire leiligheter over to plan rett i underkant av 90m2 med tre soverom. Vi har tilpassa bygget etterspørselen i feltet, då kjøpargruppa her stort sett er førstegongskjøparar og unge ny-etablerte par, mange i småbarnsfasen.

Perspektiv frå leilighet 17 og 18. Bildet er kun meint som ein illustrasjon og kan avvike noko frå faktisk resultat.

Med sitt kubiske formspråk og stramme linjer er dette eit høgst moderne og tidsaktuelt bygg. Vi har fokusert på at planløysinga skal vere mest mogleg funksjonell, og smarte løysingar gjer kvardagen enklare. Blant anna kan du gøyme vaskemaskina vekk bak skyvedører på badet. Har du speil på skyvedørene vil badet verke større, og du kan gøyme vekk klesvasken om du plutseleg får besøk. Boda er lagt i tilknytning til hovudsoverommet og kan etter ønske nyttast som walk in closet. Vi hjelper deg gjerne med innreding. Nokre av leilighetene får skråtak på plan 2, noko som vil gjere at leiligheta kjennest veldig romsleg. Lyset strøymer inn frå begge sider, og gir god trivsel. Frå stova får ein flott utsikt mot dalføret, og frå kjøkkenet har ein utgang ut på sin eigen private sørvendte uteplass kor ein kan nyte sola på varme sommardagar.

Leilighet 15+20. Bildet er meint som ein illustrasjon og kan avvike frå faktiske forhald.

Ovnen i stova vil varme godt på kalde vinterdagar, men om du søker andre måtar å halde varmen på finn du vegen opp til Hafstadfjellet like bak huset ditt, så her er det kort veg til ei hard treningsøkt. Dette er berre ein av dei mange gode turmoglegheitene i området.

Uteplassen. Bildet er kun meint som ein illustrasjon og kan avvike frå ferdig resultat.

Kun ein tomannsbustad att!

 

I haust har vi opplevd veldig god respons i Pinndalen. Spesielt på tomannsbustadane! 

Kjøparane her har mange fellestrekk, det er unge par, alle mellom 25 og 29 år, gjerne andregangskjøparar. Svaret på kvifor vi treff denne målgruppa her er faktorar som at ein her får mange kvatratmeter for pengane i etableringa av eit nytt felt, beliggenhet, og moglegheit for personleg tilpassing.

Den første halvdelen av ein tomannsbustad solgte vi i slutten av august, tett etter sommarferien, og etter det har det gått slag i slag. Vi la ut tilsaman 4 bueiningar, og tre av desse er no solgt. Vi ser at vi har dekka ein mangel i marknaden. Dette ønsker vi å tilpasse oss etter, ved å følge opp  vidare i feltet med liknande prosjekt.

Før den tid gjenstår det ei bueining her, og dersom du er intressert i å bu her, kan du skjekke opp den siste tomannsbustaden her. 

Solforhald i Pinndalen

Eit spørsmål vi stadig får av intressentar i Pinndalen er: «kor mykje sol kan vi eigentleg forvente dersom vi bur her?». Vi har difor henta ut ein solrapport frå suncurves.com for å kunne vise dette mest mogleg nøyaktig.

Sola forsvinn frå Pinndalen i slutten av oktober, og er tilbake i midten av mars. Etter dette vært det fleire og fleire soltimar per dag, før ein i juli har opptil 14 og ein halv time sol om dagen. Dette blir ansett som gode solforhald, og med sørvendte hagar og terassar får ein utnytta dette maksimalt. Allereie i Mai har ein sola til over klokka 20.00 om kvelden, noko som gir deg god anledning til å nyte dei første fine kveldane i året på uteplassen. Pinndalen ligg også meget lunt til, dermed slepp ein også unna mykje vind. Dette kjennest utruleg godt på trekkfulle dagar.

Sjå gjerne på solrapporten frå suncurves.com nedanfor her:

Malin er berre 20 år, men har allereie tinga si aller første leilighet.

Byggmester Stølsvik sitt bilete.

Malin Øvrebø Rindheim har akkurat signert avtale på si aller første leilighet. Og sidan vi som utbyggar er nyskjerrig på kva som avgjer eit slikt stort val som leilighetskjøp tok vi ein liten prat med Malin om korleis bustadjakta har gått føre seg.

Kva var det som gjorde at du falt for akkurat denne leiligheta, feltet og prosjektet? Det var nytt! Eg synes det er veldig kjekt at nokon faktisk tar tak i problematikken førstegongskjøparar har i dagens boligmarked og lagar eit prosjekt tilpassa oss. Også synes eg sjølvsagt leiligheta var fin.

Kva tenker du blir det beste med å kjøpe noko som er heilt nytt? Det at ingen har brukt det! Ingenting som må reparerast eller ordnast på ei stund også er det veldig deilig å sleppe dyre felleskostnader.

Kva er eigentleg viktig når du ser etter leilighet? Eg ser etter god planløysing. Åpa løysing mellom kjøkken og stove er viktig for meg slik at eg ikkje føler meg innestengd. Eg likar ikkje når det er «for mange rom» i ei leilighet.

Korleis kjem du til å benytte ventetida? SPARE PENGAR! Kjem sjølvsagt til å begynne å kikke på interiør, og tenke på korleis eg vil ha det når eg flyttar inn og.

Kva forventar du av oss som utbyggar? Eg forventar sjølvsagt at eg får det eg har blitt lova og at prosessen går smertefritt for seg.

Dersom du ønsker meir informasjon om Pinndalen kan du registrere deg på www.pinndalen.no/kontakt eller sende ein e-post til tone@stolsvik.no

Fire solgte leiligheter i hus A.

Det gledar oss at interessa for å bu i Pinndalen er så høg! Sidan oppstart har vi i solgt 4 leiligheter i Hus A, noko som tilsvarar ei leilighet i veka. Dette er meget bra, og dersom vi fortset i samme tempo vil byggestart på dette huset vere rett rundt hjørnet. Vi gledar oss til fortsettelsen!

Fordelar med å kjøpe nytt:

Funderar du på å kjøpe deg leilighet? Kva skal ein velge? Ei ny leilighet der det blir noko ventetid, eller kjøpe brukt og flytte inn med ein gong?

Vi kan skjøne at det verkar lenge å vente på prosjekt i nybygg, og at når ein først har kjøpt seg ny, kanskje sin første bustad vil ein helst flytte rett inn med ein gong. MEN, tida – den flyg, og plutselig er dagen for innflytning der. Og den dagen vil fordelane vere mange. Vi kan til eksempel nevne:

🛠️ Alle flater vil vere nye, moderne, og glatte. Du får også moglegheit til å påverke korleis det skal sjå ut innvendig og kan sette ditt eige personlige preg på leiligheta.

🛠️ Ny bolig er trygt! Her følgast nyare forskriftskrav om våtrom, teknisk anlegg, brannsikring, materiale og miljø.

🛠️ Ny bolig har lavare kostnadar. Vi kan nevne dokumentavgift på 2,5% av TOMTEVERDIEN og ikkje sjølve bustaden. Tenk å betale 5000 istadenfor 150 000? Og takka vere bedre vindu og isolasjon blir strømrekninga lavare. Kald vinter betyr ikkje sjokkerande strømrekning. For ikkje å snakke om balansert ventilasjon med varmegjenvinning som gir betre inneklima.

🛠️ Ein kan sei at ny bolig gir deg meir fritid. Behovet for innvendig og utvendig vedlikehald blir minimalt i mange år fram i tid. Du slepp og å totalrenovere boligen pga gamle rør som plutselig sprekk, eller sjokkerande rekningar på eletriske fasilitetar som ikkje held mål.

Vi hjelper deg gjerne med personlige tilpassingar!

Kva er mest viktig for deg? At alle barna i familien får eige soverom? At ein har plass til 12 stk rundt bordet? Vi veit godt at kvar enkelt har sine krav, og det varierar veldig korleis huskjøparar ønsker å prioritere areal.

Her hos oss har vi eigen interiørarkitekt på huset, og ho ser fort løysingar og moglegheiter tilpassa dine personlege ønsker og behov. Til dømes vil vi legge fram eit forslag for tomannsbustaden vi har for salg i Pinndalen. Her står ein som kjøpar fritt til å velge om ein vil ha ei løysing med tre soverom og stort kjøkken, eller om ein vil bruke noko av arealet på kjøkkenet til eit fjerde soverom. Om ein vel å nytte arealet til eit fjerde soverom vil ein framleis ha god plass i opphaldsromma. Denne bustaden har også sørvendt hage og to balkongar. Tomannsbustaden kan du sjå nærare på finn.no her.

 

 

Hus A og B ute på finn.no

Her har du sjansen til å skaffe deg ei sjølveigande leilighet i eit sentrumsnært område.I første byggetrinn kan vi tilby flotte 2- og 3-romsleilegheiter samt fleire store tomter. Alle leilegheitene har eigen inngang, sportsbod og eigen terrasse. Dei fleste terrassane er sørvendte og har gode solforhold. Store vindusflater slepp inn mykje lys. Bygningane har eit moderne og kubistisk formspråk, og vi har lagt vekt på å bruke materialar som er enkle å vedlikehalde.

Leilegheitene i prosjektet har gjennomgåande høg standard på materialer og overflater, og det er valt gode løysingar for å skape rom for trivsel. Utvendig er det lagt vekt på å bruke materialar som er enkle å vedlikehalde. Dobbelfalsa kledning i kombinasjon med plater bidrar til eit moderne uttrykk på fasaden.

Klikk deg inn på vår boligvelgar for å ta leilighetene i nærare augesyn, eller klikk deg inn på finn.no  her.