Hus B i Pinndalen ligg ute for sal

Hus B er lagt ut for sal på finn.no. Her finn du 4 leiligheter på ca 40m2 tilpassa førstegongskjøparen, og fire leiligheter over to plan rett i underkant av 90m2 med tre soverom. Vi har tilpassa bygget etterspørselen i feltet, då kjøpargruppa her stort sett er førstegongskjøparar og unge ny-etablerte par, mange i småbarnsfasen.

Perspektiv frå leilighet 17 og 18. Bildet er kun meint som ein illustrasjon og kan avvike noko frå faktisk resultat.

Med sitt kubiske formspråk og stramme linjer er dette eit høgst moderne og tidsaktuelt bygg. Vi har fokusert på at planløysinga skal vere mest mogleg funksjonell, og smarte løysingar gjer kvardagen enklare. Blant anna kan du gøyme vaskemaskina vekk bak skyvedører på badet. Har du speil på skyvedørene vil badet verke større, og du kan gøyme vekk klesvasken om du plutseleg får besøk. Boda er lagt i tilknytning til hovudsoverommet og kan etter ønske nyttast som walk in closet. Vi hjelper deg gjerne med innreding. Nokre av leilighetene får skråtak på plan 2, noko som vil gjere at leiligheta kjennest veldig romsleg. Lyset strøymer inn frå begge sider, og gir god trivsel. Frå stova får ein flott utsikt mot dalføret, og frå kjøkkenet har ein utgang ut på sin eigen private sørvendte uteplass kor ein kan nyte sola på varme sommardagar.

Leilighet 15+20. Bildet er meint som ein illustrasjon og kan avvike frå faktiske forhald.

Ovnen i stova vil varme godt på kalde vinterdagar, men om du søker andre måtar å halde varmen på finn du vegen opp til Hafstadfjellet like bak huset ditt, så her er det kort veg til ei hard treningsøkt. Dette er berre ein av dei mange gode turmoglegheitene i området.

Uteplassen. Bildet er kun meint som ein illustrasjon og kan avvike frå ferdig resultat.