Malin er berre 20 år, men har allereie tinga si aller første leilighet.

Byggmester Stølsvik sitt bilete.

Malin Øvrebø Rindheim har akkurat signert avtale på si aller første leilighet. Og sidan vi som utbyggar er nyskjerrig på kva som avgjer eit slikt stort val som leilighetskjøp tok vi ein liten prat med Malin om korleis bustadjakta har gått føre seg.

Kva var det som gjorde at du falt for akkurat denne leiligheta, feltet og prosjektet? Det var nytt! Eg synes det er veldig kjekt at nokon faktisk tar tak i problematikken førstegongskjøparar har i dagens boligmarked og lagar eit prosjekt tilpassa oss. Også synes eg sjølvsagt leiligheta var fin.

Kva tenker du blir det beste med å kjøpe noko som er heilt nytt? Det at ingen har brukt det! Ingenting som må reparerast eller ordnast på ei stund også er det veldig deilig å sleppe dyre felleskostnader.

Kva er eigentleg viktig når du ser etter leilighet? Eg ser etter god planløysing. Åpa løysing mellom kjøkken og stove er viktig for meg slik at eg ikkje føler meg innestengd. Eg likar ikkje når det er «for mange rom» i ei leilighet.

Korleis kjem du til å benytte ventetida? SPARE PENGAR! Kjem sjølvsagt til å begynne å kikke på interiør, og tenke på korleis eg vil ha det når eg flyttar inn og.

Kva forventar du av oss som utbyggar? Eg forventar sjølvsagt at eg får det eg har blitt lova og at prosessen går smertefritt for seg.

Dersom du ønsker meir informasjon om Pinndalen kan du registrere deg på www.pinndalen.no/kontakt eller sende ein e-post til tone@stolsvik.no