Fordelar med å kjøpe nytt:

Funderar du på å kjøpe deg leilighet? Kva skal ein velge? Ei ny leilighet der det blir noko ventetid, eller kjøpe brukt og flytte inn med ein gong?

Vi kan skjøne at det verkar lenge å vente på prosjekt i nybygg, og at når ein først har kjøpt seg ny, kanskje sin første bustad vil ein helst flytte rett inn med ein gong. MEN, tida – den flyg, og plutselig er dagen for innflytning der. Og den dagen vil fordelane vere mange. Vi kan til eksempel nevne:

🛠️ Alle flater vil vere nye, moderne, og glatte. Du får også moglegheit til å påverke korleis det skal sjå ut innvendig og kan sette ditt eige personlige preg på leiligheta.

🛠️ Ny bolig er trygt! Her følgast nyare forskriftskrav om våtrom, teknisk anlegg, brannsikring, materiale og miljø.

🛠️ Ny bolig har lavare kostnadar. Vi kan nevne dokumentavgift på 2,5% av TOMTEVERDIEN og ikkje sjølve bustaden. Tenk å betale 5000 istadenfor 150 000? Og takka vere bedre vindu og isolasjon blir strømrekninga lavare. Kald vinter betyr ikkje sjokkerande strømrekning. For ikkje å snakke om balansert ventilasjon med varmegjenvinning som gir betre inneklima.

🛠️ Ein kan sei at ny bolig gir deg meir fritid. Behovet for innvendig og utvendig vedlikehald blir minimalt i mange år fram i tid. Du slepp og å totalrenovere boligen pga gamle rør som plutselig sprekk, eller sjokkerande rekningar på eletriske fasilitetar som ikkje held mål.