Vi hjelper deg gjerne med personlige tilpassingar!

Kva er mest viktig for deg? At alle barna i familien får eige soverom? At ein har plass til 12 stk rundt bordet? Vi veit godt at kvar enkelt har sine krav, og det varierar veldig korleis huskjøparar ønsker å prioritere areal.

Her hos oss har vi eigen interiørarkitekt på huset, og ho ser fort løysingar og moglegheiter tilpassa dine personlege ønsker og behov. Til dømes vil vi legge fram eit forslag for tomannsbustaden vi har for salg i Pinndalen. Her står ein som kjøpar fritt til å velge om ein vil ha ei løysing med tre soverom og stort kjøkken, eller om ein vil bruke noko av arealet på kjøkkenet til eit fjerde soverom. Om ein vel å nytte arealet til eit fjerde soverom vil ein framleis ha god plass i opphaldsromma. Denne bustaden har også sørvendt hage og to balkongar. Tomannsbustaden kan du sjå nærare på finn.no her.