I Pinndalen vil vi skape eit miljø som er ypperleg for førstegongskjøparen og nyetableraren så vel som barnefamiliar og eldre. Ein stad ein kan trivast så godt at ein blir buande heile livet. Leilegheitene ligg i idylliske omgjevnadar, omkransa av store grøne friområde, med utsikt over dalføret. Her vil det bli bygd leikeplass for dei minste, og nærbutikken ligg berre ein kort spasertur unna. Området har dessutan flotte turmoglegheiter for deg som er glad i å gå i fjellet.
Bustadfeltet ligg sentralt til, og med godt utbygd sykkelveg tar du deg inn til sentrum av Førde, eller motsatt veg til Sunde skule på kort tid. Her kan du nyte livet og verkeleg føle deg heime.